Viser arkivet for stikkord nynorsk

Skjønar du kva eg seier?

Partiet Høgre vil gjere sidemål til eit kosefag.
Litt meir ala; “no les vi eit nynorsk dikt og får det unna”.
Eg tullar ikkje.
No vil dei gje skuleelevane rett til sjølv å velje bort sidemål.
Har du tenkt å velje det bort?
Kanskje du ikkje eingong skjønar kva eg skriv her.

Du veit ikkje kva du missar.
Høgre meiner du sjølv veit best kva som er bra for deg.
At du veit når du er 15 år kva språk du treng.
Eg er samd med Høgre at du sjølv veit kva som er best for deg.
Men berre dersom du seier ja til nynorsk!

Ver kul, sei JA

Sjølv angrar eg på at eg ikkje fylgde betre med i timane med nynorsk.
Då vi øvde på nynorsk bøying.
For i dag skulle eg likt å skrive heilt korrekt nynorsk.
Ikkje kvasi slik som her.
Eg trur verden blir betre med nynorsk.
Berre høyr kor poetisk verda blir;

Eg vakna og fann kaffikoppen .
Sat meg ved glaset og såg ut på fuglane.
Det var stilt og sola varma andletet.
Det var berre eg som var vaken.
Eg skulle snart ut i verda….

Eg håper for nynorsken si skuld at dei som ikkje likar nynorsk blir mobba.

Så mykje bra litteratur og kulturpersonlegdommar som det finnast innanfor nynorskens verd.
Til dømes Jon Fossa som skriv komplisert enkelt, men poetisk,
og Ragnar Hovland som er ei artig skrue,
og desperadoen Agnes Ravatn som tidligare har vore omtalt her

Are Kalvø (satire på høgt nivå)
Linda Eide (journalist, programleiar)
Noreg i dag (lokalnyhende på sitt beste)
Olaug Nilsson (forfattar av den komande filmen “Få meg på for faen”)
Det norske teater i hovudstaden (spelar på nynorsk)
Og listen kunne vore lengre…

slik ser bokhylla ut no

Gjennom ord blir verda stor.
Verda blir mindre utan nynorsk.

Kor mange feil det er i denne teksten, tør eg ikkje tenkje på.